Månefull

Arnold Franz Walter Schoenberg

Vinen, som ein berre drikk med augo

kjem frå månen, bølgjande i natta

og ei springflo fløymer over

den stille horisonten.

Lyster, fælslege og søte

sym i hopetal gjennom flaumen!

Vinen som ein berre drikk med augo

kjem frå månen, bølgjande i natta.

Poeten, han som søkjer age

rusar seg på heilag drikk

ser mot himmelen og i ekstase

svaiar, sug og slurpar i seg

vinen som ein berre drikk med augo.