Fiskaren att sonen sin
C. Elling
Når stormen ryker upp frå nord, og havet det gjeng kvitt,
so strika, gut, på seglet då, og haldt på styret ditt,
slepp inkje taket, um det gjeng på harda livet laus,
verd båten full, så bitt det fast, og berre teg og aus!
Og er du inkje god å sjå fyr' berre skum og skvett,
so byrja på ein salme då og ro, så blodet sprett;
men spring eit bord, og sjoen velt innpå deg blå og kald,
so bøyg deg yver tofta ned og giv deg Gud i vald!