Fjukande skyer

C. Elling

Fjukande skyer, det er mitt liv,

skodda og tyngsla på dyri eg hiv;

sopast skal tilet, til reint det verd rudt,

friskt skal det vera, um enn det verd stutt.

Inkje det duger å krjupa i krå

fram med di brynja! Set stålhuva på!

Tak så i handi et sverd, som er kvast,

statt so på fotom, men statt berre fast.

Vær ikkje ræd, det skal verda for stilt,

verdi er folksam på rangt og på ilt,

maten er mannen og fåvit er vit,

lygn gjeng fyr sanning og svart gjeng fyr kvitt.

Fram då lik stormen og vær ikkje veik,

syng berr' ein salme i villaste leik!

Hatet det flyg kringum øyro som brand,

jordi er sleip ho, men statt som ein mann!

Fram då lik stormen lik fjukande sky!

Stuper du no, det er betre enn fly;

dyrt er då blodet; um jordi det saug,

finst det vel dei, som kan reisa deg haug.

Fjukande skyer, det er mitt liv,

skodda og tyngsla på dyri eg hiv;

sopast skal tilet, til reint det verd rudt,

friskt skal det vera, um enn det verd stutt.