Det fyrste du har å gjera

Grieg, Edvard

Det fyrste du har å gjera, Mann,

det er å døy,

når ikkje du længer elska kan

den fagre Møy.

For då er det ute med spræke Gut

og Mannes Værd,

for då er Livet alt brunni ut,

det Oske er.

Og derfor stødt som det beste galdt

eit Hjartelag,

Og derfor Mannen han elskar alt

til Døyan Dag,

Og lever der Nokon, som ikkje Liv

af Kjærleik saug,

då gjeng han atter og sviv og sviv

som bleike Draug.