Gamle Mor

Grieg, Edvard

Du gamle Mor! du sliter arm,

so Sveitten er som Blod,

men enddå i dit Hjarta varm,

og du meg gav min sterke Arm

og dette ville Mod.

Du turka Tårer af mit Kinn

so mang ein Herrens Gong,

og kyste meg som Guten din

og bles meg uti Barmen in

min sigerfulle Song.

Og gamle du, du gav til meg

mi mjuke Hjarterot,

og difor må eg elska deg,

kvar helst eg vankar på min Veg,

om so på villand Fot.