Prolog

Grieg, Edvard

Til deg, du Hei og bleike Myr

med Bukkeblad,

der Hegre stig og Heilo flyr,

eg gjev mitt Kvad.

Til deg, du visne Lyng um Haug,

der Draumar sviv,

eg gjev min Song um Dimd og Draug

og dulde Liv.

*

Eg kjenner deg, du Trollheim graa,

du Skugge-Natt!

Eg rømde rædd; men stundom maa

eg sjaa deg att.

Eg kjenner deg, du Havsens Marm,

med Galdre-Song;

du gauv meg Gru i rædde Barm

so mang ein Gong.

Eg kjenner Striden tung og sein

mot Trolldoms Vald.

Gud hjelpe oss for brotne Bein

og Mannefall!

*

Eg kjenner deg, - eg kjenner deg,

som ikkje vann! --

Eg saag din Strid, eg veit din Veg

i Skugge-Land.

Eg røynde sjølv den Striden stygg

i mange Aar,

med ville Mot, med bøygde Rygg,

med svære Saar.

Du um meg sviv, du hjaa meg sit,

du arme Aand!

I meg du enno riv og slit

i dine Baand.

Eg veit det væl: dei sterke Troll,

den Vilje rik;

ein Baat i Foss, eit Kvad i Moll,

sløkkt i eit Skrik. --

*

Men Lerka stig fraa gløymde Grav

med Sigers Ljod;

og Vinden stryker inn av Hav

so frisk og god.

Og um me kjenner Graat og Gru

og Saknad saar,

so maa me Lerkesongen tru,

som lovar Vaar.