Veslemøy lengtar

Grieg, Edvard

No stend ho steller i Kjøken-Kraa,

ho Mor!

ho er so gamal, ho er so graa,

ho Mor.

Aa var eg Katten i mjuke Skind,

som kjæla fær seg som Baanet inn

til ho Mor!

Ho grev og putlar med Hit og Holk,

ho Mor;

ho lagar Mat til sitt Slaattefolk,

ho Mor.

Aa var eg Breitle-Brit svart og svær,

som kvar ei Kvilestund svalla fær

med ho Mor!

Ho gjeng paa Tun i den stille Gard,

ho Mor,

med kvike Sporv i sitt Fotefar,

ho Mor.

Aa var eg Sporven so glad og lett,

som høpp og dansar og sprett og skvett

um ho Mor!

Ho likar Soli paa skrukne Kinn,

ho Mor; ho likar Havgula sval og linn,

ho Mor.

Aa var eg Havgula frisk og fri,

eg skulde svala mi heile Tid

um ho Mor.

Men Gikt ho fær, som i Ryggen flyg,

ho Mor,

naar Vinden kald gjenom Kjøken syg,

ho Mor.

Aa var eg Døri gamal og fæl,

eg tett meg stengde og lívde væl

um ho Mor.

*

Eg veit so væl, kva ho tenkjer paa,

ho Mor,

naar der ved Gruva ho mødd maa staa,

ho Mor.

So tidt ho gløymer sitt Træl og Mas

og stirer ut gjenom Kjøkenglas, -

gjer ho Mor.

Ho gløymer Stræv og ho gløymer Stell,

ho Mor,

og stirer upp mot dei ville Fjell,

ho Mor.

»Kor gjeng det Veslemøy, arme Ting,

som renna maa alle Berg i Kring?«- spyrr ho Mor.

Aa visste du, kor eg lengtar her,

du Mor! -

Den brune Heii, den fekk eg kjær,

du Mor!

Her gjeng eg ør millom aude Fjell

og græt meg i Svevn kvar einaste Kveld;

aa du Mor!

Og alt er framandt og nytt og vondt,

du Mor!

Det stirer kaldøygt ikring meg rundt,

du Mor.

Her er kje Liv, som eg fritt kan tru,

og ingin einaste er som du, -

du mi Mor!

Aa tru den Tidi fekk rundt seg snutt,

du Mor!

Eg reknar Time og kvart Minutt,

du Mor! Aa kunde eg stiga med Sjumils-Steg

og sitja ei ørlita Stund hjaa deg,

du mi Mor!-