Veslemøy undrast
Grieg, Edvard
Gjentunn' breier, der Gutann' slær;
so ropar dei til kvarandre og lær.
- Me veit, naar det er so laga -.
Ja lett det gjeng med Lentur og Fjas,
paa Vollen der i det fallne Gras.
- Me veit, naar det er so laga -.
Og skjemta og fjasa, - lat gaa med det;
det gjer eg kanskje ein Gong, eg med.
- Me veit, naar det er so laga -.
Ja tenk, um eg raaka den Guten snilde,
som ikkje aat Haugtussa flira vilde!
- Me veit, naar det er so laga -.
Ja skjemta og fjasa, - det skil ikkje meg;
men tenk, at Gjentunn' vil gifta seg!
- Me veit, naar det er so laga -.
Um Guten er ven, naar han liten gjeng,
so vert han stygg, naar han veks til Dreng.
- Me veit, naar det er so laga -.
Og endaa um Drengen seg visa kan,
so vert han eit Troll, so snart han er Mann.
- Me veit, naar det er so laga -.
Ja tenk! at dei lokkar dei til aa fria!
Og tenk, at dei vil til Kyrkje rida!
- Me veit, naar det er so laga -.
Dei veit, dei hev berre vondt i Vente.
Men endaa ingen vil gaa som Gjente.
- Me veit, naar det er so laga -.
Gjenta hev Moro, Kona hev Slit;
men endaa hev dei so lite Vit.
- Me veit, naar det er so laga -.
Nei fyrr eg vil byta mitt Gjente-Kaar,
fyrr gjeng eg og gjæter i hundra Aar.
- Me veit, naar det er so laga...
Og fyrr eg vil inn i den Suti hard,
fyrr gjeng eg og bed meg i kvar Manns Gard.
- Me veit, naar det er so laga...
Ja fyrr eg vil dragast med Baan og Mann,
fyrr gjeng eg Fanteferd Land og Strand!
- Me veit, naar det er so laga...
Skjemta og fjasa eit Gran, - lat gaa;
men kyssa eit Skjegg! Aa langt derifraa! -
-- Det var, - um det var so laga.