Voggevise

P. Okkenhaug

Sov du, guten min, eg skal syngja

draumane gode i hugen din inn.

Sorg og sut skal deg ikkje tyngja

sov no og drøym, du guten min.

Sov du, guten min, eg skal bede

englane ljose sjå til deg inn

kjem dei til deg med kvar sin gleda.

Sov no og drøym, du guten min.

Kjem so ein med den hesten blanke

då får du ride i gullslottet inn;

fort det går som den snøgge tanke

sov no og drøym, du guten min.

Der det blømer så fagre blomar,

der kan du plukke full famnen din.

Englesongen ikring deg ljomar.

Sov no og drøym, du guten min.

Sov du, guten min, eg skal kyssa

tårone vekk frå ditt vesle kinn,

Sov og dråyme, eg skal byssa

veslegut i sømnen inn.