Dei gamle Fjelli

C. Sinding

Dei gamle Fjell i Syningom

er alltid eins aa sjaa,

med same gamle Bryningom

og same Toppom paa.

I Bygdom byggja Sveinarne,

og Huset stender laust;

men dei gamle Merkesteinarne

dei standa lika traust.

Paa Fjellom er det leikande

aa ganga til og fraa

og kring um Toppen reikande

so vidt um Land aa sjaa:

til Havet kring um Strenderna

med Skip som Fuglar smaa,

og til Fjelli kring um Grenderna

med tusund Bakkar blaa.

Der er so mange Hendingar

i Bygdom komne til;

me sjaa so mange Vendingar

alt paa eit litet Bil.

Dei hava snutt um Vollarne

og flutt og rudt og bygt;

men dei gode gamle Kollarne

dei standa lika trygt.

So stod dei gjenom Tiderna,

vel mange tusund Aar;

og Graset voks um Liderna,

og Lauvet kom kvar Vaar;

og Vinden tok um Topparne

og Vatnet tok um Fot;

men dei gilde gamle Kropparne

dei toko traust i mot.

Av Hav kom Sjomann sigande

og lengtad' etter Land,

daa saag han Fjelli stigande

og kjendest ved si Strand.

Daa kom det Mod i Gutarne,

som saag sin Fødestad.

Ja dei gode gamle Nutarne

dei gjera Hugen glad.