Mold

E. Alnæs

Sams seng aat alle reidest,

der me faar leggja oss ned

kyrkjegarden den logne med

eveleg togn og fred.

Livsens lukka er draumar

midt i eit fangereid.

Livet det vert, naar ein vaknar

audt som ei naki heid.

Livsens voner er skodda,

der ein i otte sit.

Men naar so lufti klaarnar,

missa ein maa sitt vit.

Bröder, kveik ikkje ljoset,

syn ikkje samanheng!

Lat oss faa gaa med draumen

til kvild i den store seng.