Vond Dag

Grieg, Edvard

Ho reknar Dag og Stund og seine Kveld

til Sundag kjem; han hev so trufast lova,

at um det regnde Smaastein yvi Fjell,

so skal dei finnast der i "Gjærtarstova".

Men Sundag kjem og gjeng med Regn og Rusk;

ho eismal sìt og græt attunder Busk.

So væl ho veit han aldri svike kann,

um det kjem gode Dagar eller vonde;

han veit at daa ho aldri lìva kunde,

men sokk og dreiv som kalde Lik i Land.

Men tungt er Hjarta i den unge Bringa,

og rædde Graaten kann ho ikkje tvinga.

Daa kjem ho heim ein Sundags Kveld mot Haust,

av Hugverk mødd og sjuk av Auk og Otte

og trøytt og tung. All Dagen hev det aust

med Regn, so reint i Flaum ho vasse maatte.

Ho berre skundar seg og vil i Seng.

Det er det eine, som veit og treng.

Men just er Gamlen komen heim fraa Kyrkja;

og no med Pipa nøgd han nytt fortel:

«jau daa var Jon i Skarebrote sæl,

um hans ho vart, den kaute Velstands-Fyrkja!»

Ho kjenner Styng i Bryst og Skjelv i Kne;

i Vanmagt trøytt ho sìg paa Stolen ned.

Daa fær ho høyra meir en sjølv ho vilde;

ho høyra maa, at denne Guten staut,

som so ho trudde, lett sin Lovnad braut

og floksa fritt med alle Gjentur gilde.

Men no han vankar klok paa Bele-Rass

til sjølve rike Meggja ifraa Aas.

Og denne etter Jon er reint som gali;

ho lokkar han so alle kann det sjaa;

og han so væl som andre vìta maa,

at ho er best av alle Gifte-Vali.

Og so med denne Drosi eine dansar han,

og andre gode Gjentur aldri ansar han.

Som Fuglen, saarad under varme Veng

so Blodet tippar lik den heite Taara,

ho dreg seg sjuk og skjelvande i Seng,

og vrid seg Natti lang i Graaten saare.

Det slit i Hjarta og det brenn paa Kinn.

No maa ho døy; ho miste Guten sin.