Haugtussa

S. Kleiberg

Ein Dag dei spurde

med Kolning um Munn,

at Mannen var daain

i same Stund,

ja nett i den same Time.

Daa skalv den unge

i Hùg og Hold:

»no maa eg sjaa

baade Draug og Troll

og Gasten med Haari lange.«

»Gud trøyste deg daa,

du Veslemøy;

det vøre deg betre

du maatte døy,

so fingje du Fred i Jordi!«

»Aa heller vil eg

med Augo sjaa,

enn dauv og blind

gjenom Verdi gaa

og ikkje det sanne skilja!«

-- Sidan saag ho

i Haug, paa Voll,

baade Nisse og Nøkk,

baade Draug og Troll

og Gasten med Haari lange.

Tidt mullande gjekk ho

med myrke Ord

og skræmde stundom

si eigi Mor;

dei sa ho vanta paa Vìte.

I Lyngmarki nord

millom Haugar tri,

der gjekk ho gjætte

si meste Tid.

Og Haugtussa vart ho heitand'.