Mot Solegla

S. Lie

Det stig av Hav eit Alveland

med Tind og Mo;

det kviler klårt mot Himmelrand

i kveldsblå Ro.

Eg såg det tidt som sveipt i Eim

bak Havdis grå;

det er ein huld, ein heilag Heim,

me ei kan nå.

Ho søv, den fine Tinderad

i Draume-bann;

men so ei Stund ved Soleglad

ho kjem i Brand.

Når dagen sig som Eld og Blod

i Blåe-Myr,

det logar opp med Glim og Glo

og Æventyr.

Det brenn i Brè og skjelv og skin

med Gullan-Bragd,

og Lufti glø'r i Glans av Vin,

Sylv og Smaragd.

Men av han døyr, den bleike Brand,

som slokna Glod,

og klårt som før ligg Alveland

i kveldsblå Ro.

Eg lengta tidt på trøytte Veg

der ut til Fred;

men Lande fyrst kan syne seg

når Sol gjeng ned.