Dokka

C. Elling

Å Dokka, å Dokka,

snilde kui mi!

Når gråten kjem i desse dagar seine,

so kom og kjæl meg du med kinne reine;

du er so god, du er so hjarteblid.

Ja berre du meg fylgjer her i li,

so er eg endå ikkje reint åleine.

Og kjære seg meg, trur du det er von.

Seg trur du eg må tenkja på han Jon?