Haren

C. Elling

Aa stakkars vesle Hare

so fin og silkeklædd,

Gud veit, kvar du hev fare,

med di du er so rædd?

Du spretter og du skvetter

so hovdelaus i Kring;

kva er du renner etter

og snøgg i Hol deg sting,

arme Ting!

Her er so god ein Sumar

med Hus i kvar ein Busk

og Lauv og friske Kumar

aat slik ein liten Trusk.

No skal me vera kvate

I slik ein Solskinsstund,

No skal me vera late

og taka oss i Lund

lette Blund.

Du er so brun og lekker

i Sumarkjolen din;

d'er berre du for klekk er

te vera Guten min.

Men vil du glad meg gjera,

so hoppa her i Li,

og Vener skal me vera

og Vener skal me bli

all vaar Tid.