Prøve
C. Elling
Fanden sit med si bok på kne,
ritar med blodet raue,
set sine teikn på tvers og sne
for levande og daude.
Sist kjem dei nye som no skal med inn i flokken.
Fram dei møter for høge stol,
mullande bøni tung;
fanden gaper med halsen hól
etter bå gamall og ung.
Vil de på denne fyre-jol inn i flokken?
Ein etter annan dei svarar Ja;
det tykkjer fanden món;
upp dei steller seg då i rad
liksom til konfirmasjon.
Prøvast dei må før han vil dei ha inn i flokken.