Sporven

C. Elling

Smaa-Sporven gjeng i Tune

og tippar Korn og ribbar Straa

og hev so god ein Une

og lær aat Katten graa.

Pip, pip, det so seg lagar

alle Dagar,

at Monsemann meg jagar,

men kan meg aldri faa.

Eg er so lett paa Vengen,

og Mons maa sleikja seg um Trut;

kvitt, kvitt, den gamle Drengen,

han fekk so mang ei Sut.

Og um i vide Ringar

Hauken svingar,

eg burt meg kverv og kringar

og slepp av Leiken ut.

Eg liver Dagar lette

og er fornøgd, aa ja, aa ja!

Kvar dag eg fær min Mette

som eg det best vil ha.

Pytt, pytt, tarv aldri røa!

Nok i Løa!

Der ligg den rike Grøda;

der kan eg berre ta.

Og tidt eg fær i Joli

ein Godbit fin av Veslemøy;

og frys det, hev eg Skjol i

det gode varme Høy.

Og so - kvitt-kvitt, gomaar'n!

so kjem Vaaren;

daa fri paa Vengen bôren

eg byggjer Reir paa Øy.