Modersmaalet
C. Sinding
Moder
er eit heilagt ord,
hjartat kjært aa höyra,
leikar alle folk paa jord
sælt i hug og öyra.
Kvar, som moders namn hev lært,
skal og halda dyrt og kjært
moders ord og minne.
Modersmaal
er beste arv,
mor oss kunde giva.
Medan mange Minne kvarv,
hennar ord vil liva:
fraa ho ved di vogga song,
til ho deg den sidste gong
döyande velsignad.
Maal med Malm og Tone full
Av vaar Mor me lærde.
Men det dyre Ervegull
Mold og Rust daa tærde.
I den lange Folkenatt
Arge Dvergar tok vaar Skatt
Og grov ned i Jordi.
Daa me stod ei Morgonstund
Upp or Draum og Dvale,
Strøymde gjenom Bok og Munn
Mot oss framand Tale.
Me som Israel fekk sjaa,
At alt Landet lyda maa
Folk med framand Tunga.
Maalet var daa ikkje gløymt,
Smaafolk enn det talar.
Ervegullet godt var gjøymt
Djupt i Norigs Dalar.
No me grev det fram or Mold,
Enno paa vaart Ættarskjold
Gullet godt kann glima.
Kom daa, lat oss alle mann
reisa modersmaalet,
lyfta kvar so godt me kann,
slipa det som staalet!
Millom alle folk paa jord
dyre var dei modersord.
Lat og oss det sanna!