Heimsyn
C. Sinding
Aa her eg skodar dei gamle gamle Böar,
dei gamle Fjell og dei gamle Sjöar.
Aa her eg skodar dei gamle Vollar,
dei gamle Bakkar, dei gamle Kollar,
den gamle Stova, der eg var Barn!
Eg reiste fraa deg eg lite visste.
Og mykje vann eg; men meir eg miste:
Fekk gode Dagar med Mat og Klaede;
men tapte Uskuld og Tru og Glede
eg var for fegen, eg var for fjaag!
Ja, eg fekk röyna der uti Verdi:
Det Onde lurer, og tung er Ferdi.
Men no dei kverva dei saare Minne,
eg er so varm her i Hjarta inne,
no faer eg gjesta min Barneheim!