Or Djupet
C. Sinding
Mit Hjarta er av Myrker ströypt,
og Helheims Skuggar dyser,
mi Sjæl ho vert i Rædsla glöypt,
mitt Blod i Barmen fryser.
Mi Von er sprœngd, min Veg er stengd,
eg aldri meir finn Leid og Lengd,
og aldri meir det lyser!
Min Evna er ein valen Veng,
som beint mot Stormen rider,
eg veit med Gru, eg under gjeng
og berre faa fengt kvider.
Eg driver av til skume Hav,
det store Myrkret vert mi Grav,
eg inntil Blodet strider.
Min Gud, min Gud! for Kristi Skyld
no maa du Miskunn visa:
Lat Naadesoli, som er duld,
ned gjenem Skodda brisa!
Di Himmelglod maa mild og god
meg varma gjenom Hug og Blod
med Dagens Ljos og Lisa!