Staren
C. Sinding
Og Staren sit uppaa Stovetak
so silkeklœdd baade fram' og bak.
Det braglar grumt i det fine ty,
og Nebben stikk hau i villan Sky:
"Aa jamen er det Moro aa liva!"
Og Soli rôdar paa Blomstereng,
og Staren fyk paa sin lette Veng,
og Staren set seg paar Björkekvist
og byrjar der, som han slutta sist:
"Aa jamen er det Moro aa liva!"
Himlen er Sylv, og Jordi er Gull
heile Heimen av Songar full!
Staren er byrg, og Staren er breid;
for han hev Kjering, og han hev Reid:
"Aa jamen er det Moro aa liva!"
"Aa kjœre Kari, aa hei, aa hopp!
eg hev slik Elsk i min unge Kroppog
vil du som eg, so sete me Bu
og bygg oss ei Stova eg og du.
Aa jamen er det Moro aa liva!"