Morgonsong

C. Sinding

No blinkar Doggi mot Solasprett,

og unge Augo mot Dagen stirer.

Vaar Hug er Björki, der Fuglen smett

med Leik i Lauvet, som braar og bankar.

Og Hjarta bankar,

og ore Tankar

dei lettar Ankar

med kvite Segl.

Det er vel hugsamt i Ungdoms Aar

aa gaa til Arbeid med Lyst og Glede;

naar Jordi jublar av Von og Vaar

og ligger lagleg for Plog og Sæde

og Blomen breider

seg alle Leider,

og Livet reider

sin Rikdom ut!

Og Himlen sender si Signing ned,

so Mod og Evna med Yrket stiger,

ei Livsens Baara oss förer med

og berer Verket vaart fram til Siger.

Me saar med Möda,

men fager Gröda

me inn i Löda

skal faa i Haust.