Paa andre Strengen IV
C. Sinding
Dei seier, naar Tia skrie,
skal Saara gro igjen.
Det er for gamal ei Lære,
eg trur ikkje længer paa den.
Eg trur ikkje paa den Lære.
Hev eg eit Hjartesaar,
det minkar ikkje, men monar og
eet um seg Aar for Aar.
Det kann væl tykkjas aa
besne og hava fenge Gror.
Innunder er Saare ope
og Verken like stor.
Det legs væl over ei Hime,
men brest, naar du kjem burtpaa.
Det er liksom Isan' um Hausten,
dei er ikkje litande paa.
Nei Kniven du fulla maa bruka
um du vil faa det te gro,
og stande kald og sjaa paa
det renn ein Straum utav Blo.