Paa fyste Strengen IV

C. Sinding

Paa andre Aare eg gjeng og gronar,

og endaa tykkj' eg det lite monar.

Det er ei Gjente eg tenkjer paa,

dei Tankan kann eg 'kje koma fraa.

Eg veit 'kje eingong um ho er vene';

ho gjenge berre i Bygdom tener.

Eg veit 'kje koss ho kann verte sjaa,

men eg veit ho er till aa lita paa.

Eg er ein Gut baade snaal og plente

og ho den uvandast Bondegjente,

ho gjeng og trælar i Vesaldom,

men det veit eg er daa inga Skam.

Nei mi er Skamma, som so mun svive

og aldri viss paa meg sjölv kann blive.

Aa gjev eg snart det maatt' finne ut

og so faa sleppe mi lange Sut.

For visst det er, at eg Sut maa berra,

og allstött noko i Hjarta skjerre.

Skuld alle hava det som eg

daa Kjærlegheita var vanskeleg.