Paa fyste Strengen III
C. Sinding
Aa me hev sulla ihop so lengje,
eg kjenner Ljoen paa kvardin Streng'e,
eg kjenner Ljoen paa Strengjen din,
i Hugen leikar du ut og inn.
Eg veit meg aldri, koss det er vore,
men kvar di Aatferd, ja kvart ditt Orde,
ja kvar den Ljoen, du leet for meg,
i Hjarta mitt hev han skreve seg.
Aa maatt' eg sei berre det eg vilde,
at det er ingen og held so gild'e,
at ikkje nokon so likar eg --
eg aldri trur, at eg glöymer deg.