Paa fyste Strengen II
C. Sinding
Eg veit meg aldri, kor det er laga,
dei sei', eg er ikkje som eg plagar.
So spör dei meg baade ut og inn,
kvi eg gjeng'e, so mörk i Sinn.
Aa eg, som var no so gla og kaat'e,
eg, veit kje koss, men eg titt maa graate;
eg titt maa graate og grunde stilt,
so spör dei meg, kven hev gjort meg ilt.
Det er 'kje nokon, som illt meg gjere,
men likevel det i Hjarta skjer'e.
Det er liksom eg fær aldri Ro,
den eine Dagen er lang som tvo.
Og naar eg tenkjer, blir Tanken burte,
og naar eg talar, blir Orda korte,
og kor eg legg'e min Hug'e ned,
so svive han baade fra og te.